page view image

Standup på Møkster 13. juli kl 19:00

ØY-show med Charlotte og May Linn

Information
event image

May Linn Clement er ein lokal komikar, som kler seg fint og snakkar stygt. Ho kjem frå Norheimsund, og bur i Austevoll, i barndomsheimen til mor si, og jobbar som avisteiknar og journalist i Dag og Tid. 

Charlotte Lilleheil er ei sarkatisk småbarnsmor som brukar standup som terapi, i tillegg til å vera biblioteksjef på Fedje. Dei er begge tilknytt StandUp Bergen. 

No kjem dei til Møkster med eit standup-show med ØY som raud tråd. 

Publikum kan venta seg ein kveld fylt med latter og overraskingar – det går gjetord om ein pianomann.

Dette er ein kveld du ikkje vil gå glipp av! Så kom og bli med på ei uforgløymeleg oppleving når duoen May Linn Clement og Charlotte Lilleheil tek Møkster med storm. Det blir standup av beste sort, med ein god dose lokal sjarm og varme. 

Vi gler oss stort til å sjå dykk der!